Bønnemøte

Bønn er ganske enkelt samtale med Gud.

Bønn er eit mektig middel og et stort privilegium. Hebreerne 4,16: Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid.

Vi kan komme til Gud akkurat slik vi er. Salmane 65,3: du som høyrer bøner, til deg kjem alle menneske.”

Vil Gud høyere og svare på vår bønn? Matteus 7,11: Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!”

Hva må vi gjere for å få de velsignelsane og den hjelpa vi treng? Matteus 7,7-8: Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.  For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.

Kvar tirsdag klokka 20.00 inviterer vi til bønnemøte. Her kan vi legge arbeidet, øya vår og kvarandre i Herrens hender.

Velkommen.