Ein søndag i månaden arrangerer vi møte for heile familien.

På familiemøta samlast stort og smått av dei som høyrer til i forsamlinga vår. Her er ei ypperleg anledning å kome innom dersom du lurar på kven vi er. Det er fokus på at alle skal ha plass her, med ei andakt tilpassa dei yngste, men gjerne krydra med noko for dei vaksne. Dette er for familien, altså heile forsamlinga. Vi oppmodar alle om å komme og delta på desse samlingane. Følg med i kalenderen for å finne datoane.

Møta startar 17.00 og held fram til omkring 18.30. Vi opnar oftast med ein møtedel og har gjerne noko å bite i etter møtet. Dette er ei flott anledning til å bli kjent.

Velkommen!