Vigra Indremisjon eig, og driv arbeidet på, Vigra Bedehus. Vårt ønske er å vere ei inkluderande forsamling for vanlige folk på Vigra og i området rundt.

Vi ønskjer å vere ein plass ein kan kome utan å tru så mykje, og finne meir ut av eiga tru. Vi ønskjer óg å utruste deg som har ei bevisst tru til eit liv i etterfølging av Jesus.

Vi forsøker å skape ei avslappa og venleg atmosfære på samlingane våre. Ønsket vårt er at det skal vere lett å kjenne seg heime for flest mogleg, óg for dei som er nye i trua.

Vi har fleire ulike typer samlingar, for ulike menneske.

I tillegg samlast vi i bibelgrupper i heimane kvar eller annakvar veke.

Vi trur at dei større samlingane, og dei mindre samlinga i heimane,  utfyller kvarandre i å utruste enkeltmenneske i si trusreise.

Utover desse to samlingsformene, fins det ulike tilbod for dei ulike aldersgruppene.

Velkommen til VIM.

§1. Føremålet med Vigra Indremisjon er å vere med på å utbreie Guds rike. Hovudsatsinga er kristent arbeid på Vigra og dei næraste områda, men vårt kall som kristne er også å støtte opp under evangelisk og humanitært arbeid andre stader i verda. Vigra Indremisjon bygger si verksemd på Guds ord, og den evangeliske lutherske vedkjenning. Vigra Indremisjon ønskjer óg så langt det er råd å ivareta medlemer som har eit ikkje-luthersk dåps- og nattverdssyn i si ordinære verksemd.