Vigra Indremisjon eig, og driv arbeidet på, Vigra Bedehus. Vårt ønske er å vere ei inkluderande forsamling for vanlige folk på Vigra og i området rundt.
Vi ønskjer å vere ein plass ein kan kome utan å tru så mykje, og finne meir ut av eiga tru. Vi ønskjer óg å utruste deg som har ei bevisst tru til eit liv i etterfølging av Jesus.
Vi forsøker å skape ei avslappa og venleg atmosfære på samlingane våre. Ønsket vårt er at det skal vere lett å kjenne seg heime for flest mogleg, óg for dei som er nye i trua.
Vi har fleire ulike typer samlingar, for ulike menneske.
I tillegg samlast vi i bibelgrupper i heimane kvar eller annakvar veke.
Vi trur at dei større samlingane, og dei mindre samlinga i heimane, utfyller kvarandre i å utruste enkeltmenneske i si trusreise.
Utover desse to samlingsformene, fins det ulike tilbod for dei ulike aldersgruppene.
Velkommen til VIM.