Vigra Indremisjon eig, og driv arbeidet på, Vigra Bedehus. Vårt ønske er å vere ei inkluderande forsamling for vanlige folk på Vigra og i området rundt.
Vi ønskjer å vere ein plass ein kan kome utan å tru så mykje, og finne meir ut av eiga tru. Vi ønskjer óg å utruste deg som har ei bevisst tru til eit liv i etterfølging av Jesus.
VIM (Vigra Indremisjon) er ei livsglad og levande generasjonsforsamling av barn, ungdom, studentar, unge vaksne, vaksne og godt vaksne.
Vi forsøker å skape ei avslappa og venleg atmosfære på samlingane våre. Ønsket vårt er at det skal vere lett å kjenne seg heime for flest mogleg, óg for dei som er nye i trua.
Vi har mange ulike typer samlingar, for ulike menneske.
Ei vanleg søndagssamling inneheld hovudsakleg song, litt småprat, kollekt, bøn og ein tale.
I tillegg samlast vi i bibelgrupper i heimane kvar eller annakvar veke, i grupper på 6-12 personar.
Vi trur at dei større søndagssamlingane og dei mindre samlinga i heimane utfyller kvarandre i å utruste enkeltmenneske i si trusreise.
Utover desse to samlingsformene, fins det ulike tilbod for dei ulike aldersgruppene.
Velkommen til VIM.
Vi har masse plass til nye folk!