Det er godt over 100 personar som er medlemmar i bibelgrupper i regi av Vigra Indremisjon. Gruppene arbeidar med relevante tema, i lys av Guds ord, som er meint å føre til personleg åndeleg vekst og utvikling, men også på same tid åndeleg vekst og utvikling for heile forsamlinga.

I ei bibelgruppe får ein eit samhold og ein tilhøyrigheit som ein ikkje får i større grupper. Dei fleste gruppene er sett saman som reine kvinne eller mannsgrupper, og møtast kvar fjortande dag. Alle gruppene arbeider med samme tema til ei kvar tid.

Bønn er også eit viktig tema på samlingane, ein set av god tid til å be, og gruppene er ein arena for forbønn og samtalar. Ein har god anledning til å dele liv og erfaringar.

Ei bibelgruppe kan også vere ein fin plass å begynne om du er interessert i å lære meir om Jesus og den kristne trua.

Formålet med bibelgruppene er at dei skal vere varme, inkluderande og gode åndelege felleskap, der ein kan vekse i trua og styrke relasjonen til Jesus.

Vi har plass til fleire. Ta kontakt om du har lyst til å vere med.