Bibelgrupper
Ønsker du å vere med i eit livsnært felleskap over ein åpen bibel?
I ei bibelgruppe får ein eit samhold og ein tilhøyrigheit som ein ikkje får i større grupper. Dei fleste gruppene er av praktiske årsaker sett saman som reine kvinne- eller mannsgrupper, og møtast i heimane omlag kvar fjortande dag.
Bøn er eit viktig tema på samlingane, ein set av god tid til å be ilag, og gruppene er ein arena for forbønn og samtalar, og ein har god anledning til å dele liv og erfaringar.
Ei bibelgruppe kan også vere ein fin plass å begynne om du er interessert i å lære meir om Jesus og den kristne trua.
Formålet med bibelgruppene er at dei skal vere varme, inkluderande og gode åndelege felleskap, der ein saman kan vekse i trua og styrke relasjonen til Jesus.
Vi har plass til fleire. Ta kontakt med Odd Frode Roaldsnes – 91805687 – oddfroderoaldsnes@gmail.com, om du har lyst til å vere med.

