Småbarnstreff
Vigra bedehus blir brukt som base for småbarnstreff kvar fredag føremiddag.
Dette er først og fremst eit sosialt tilbod for småbarn og vaksne. Ein flott arena for å få nye venner og kjennskap, både for store og små. Vi samlast på bedehuset klokka 09:30. Vi koker kaffe, – og du tek med niste. Barna har god plass til å leike, både oppe og nede, og vi vaksne får prate og kose oss. Treffet varer til 11:30, men du både kjem og går som du vil innanfor desse rammene.
Om sommaren, dersom det er fint ver, møtast vi på leikeplassen i Klokkarvegen på Roald. Der er det bord og benkar, sandkasse og sklier, disser, og endå meir.
Om du vil vite meir om dette kan du følgje Facebookgruppa til småbarntreffet.
Velkommen!