I byrjinga av september kunne vi alle møtast igjen på ein søndag føremiddag etter ei lang koronapause. Mange opplevde det som nydeleg å kunne treffe att bedehusfamilien etter den lange pausa. Det var godt å kunne samlast til lovsang, bønn og felleskap om namnet Jesus. På grunn av koronarestriksjonar har vi ikkje nok plass på bedehuset, så Vigra indremisjon har difor leigd Vigra kyrkje for desse samlingane. Der får vi plass til ein del fleire. Vigra indremisjon tek smittevernsarbeidet på alvor, og følger reglane for offentlege arrangement utarbeidd av FHI og IMF. Mange set stor pris på å møtast, og vi ynskjer med glede nye velkomne i forsamlinga vår. Velkommen skal alle vere. ❤️

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *