I evangeliet etter Markus, og i det andre kapitlet kan vi lese ei forteljing om ein lam mann som fekk hjelp av venane sine til å møte Jesus:

Nokre dagar seinare kom Jesus til Kapernaum att, og det vart kjent at han var heime. Det samla seg så mange at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han forkynte Ordet for dei. Då kom dei til han med ein som var lam. Det var fire mann som bar han. Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var, laga ei opning og firte ned båra som den lamme låg på. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Son, syndene dine er tilgjevne.» No sat det nokre skriftlærde der. Dei tenkte i hjartet: «Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre kan tilgje synder enn éin – det er Gud?» Straks visste Jesus i ånda at dei tenkte slik, og han sa til dei: «Kvifor går de med slike tankar i hjartet? Kva er lettast å seia til den lamme:‘Syndene dine er tilgjevne’ eller:‘Stå opp, ta båra di og gå’? Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no talar han til den lamme – «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!» Då reiste mannen seg, tok straks båra si og gjekk ut framfor dei alle, så dei vart reint frå seg av undring. Dei lova Gud og sa: «Noko slikt har vi aldri sett.» Mark 2:1-12

I denne forteljinga er det mykje vi kunne ha gripe tak i og snakka om, til dømes det å hjelpe kvarandre, oppfinnsamheit, overnaturlege hendingar, tvil, evangelisering, bindingar, og mykje meir. Men det vi skal snakke om er først og fremst tru og tilgjeving. Og nåde.

Vi ser at fire menn ber ein lam mann til Jesus. Vi veit ikkje akkurat kven av dei fem involverte som først fann på at dei skulle gjere dette, men det kjem i alle fall fram at dei hadde høyrt om at Jesus var tilbake i Kapernaum, som var byen der han budde og virka ut i frå som vaksen. Han hadde vore på ei reise rundt om i Galilea og talt til folk i dei små og litt større landsbyane rundt om. Talane til Jesus bar ofte preg av å vere undervising om Guds rike, og det står mange plasser i Bibelen at folket som høyrde vart fengsla av det han sa. Han talte med stor visdom og kunnskap, og folket undra seg mykje over det han sa. Men i tillegg viste Jesus fram krafta si ved å gjere mange overnaturlege ting som fekk folket til å undre seg endå meir. Kven var denne fyren som snakka slik, og som gjorde desse utrulege tinga? Kunne han vere sendt frå Gud, slik han sjølv sa han var? Kunne det vere sant? -Det er ikkje til å undre seg over at rykta om han gjekk vidt omkring.

Desse fem hadde i alle fall høyrt om Han, og om det var den lamme sjølv, eller om det var ein av vennane sitt forlag, veit vi ikkje noko om. Dei tok i alle fall laust, og frakta kompisen sin fram til huset der dei visste Jesus var. Problemet deira var berre at mange andre hadde tenkt same tanken, huset var fullt, og vel så det. Det stod ei stor folkemengd utanfor døra og stengte vegen for dei. Eg ser for meg at dei kanskje prøvde å få folk til å flytte seg -Hei, sjå då, vi har med ein lam mann som vi vil at Jesus skal lækje, kan vi få komme forbi? -Kan du vere så snill å flytte deg?

Kanskje dei prøvde seg på å vere sinte også? Skjenne? Rope? Men i alle fall, folket flytta seg ikkje, og dei klarte ikkje å få kompisen sin inn gjennom døra.

Dei kunne ha tenkt; -Ja, ja, vi prøvde i alle fall, – sorry kompis, og bore vennen sin heim att. Men det gjorde dei ikkje. Dei umaka seg endå meir, bar han opp på taket, braut opp ein del av det og firte vennen sin ned gjennom hòlet. Snakk om å vere oppfinnsame. Og snakk om å vere iherdige i oppdraget.

Kva fekk dei til å gjere dette? Kvifor gjere alt dette berre for at han skulle få møte Jesus? Det er sjølvsagt fordi dei trudde heilt og fast på at det å møte Jesus kunne bety ein enorm forskjell i livet til kompisen som låg på båra.

Vi ser i vers fem at Jesus anerkjente trua deira. Ordet i grunnteksten som i dette verset er omsett til tru på norsk er det greske ordet Pistevõ som også betyr å ha full tillit til, vere overbevist om. Jesus såg trua deira, han såg til hjarta deira, og såg at dei var fullt overbevist om at Han kunne hjelpe dei. Han såg at dei trudde at Han var den Han sa Han var. Nemleg Gud sin son. Messias.

Så svarer Jesus, «Son, syndene dine er tilgjevne». Jesus tilgav altså mannen syndene sine. Det er ikkje sikkert at det var det mannen på båra først og fremst var ute etter, kan hende han eigentleg hadde håpt at Jesus skulle lækje han. Det som han hadde høyrt så mange andre oppleve. Men no sa altså Jesus at syndene hans var tilgjevne. Kan hende at han ikkje forstod det fullt ut der og då, men det var faktisk viktigare for han i det lange løp.

Var det synd som hadde ført til at mannen var lam? Var det på grunn av noko gale han hadde gjort? Var det ei straff frå Gud? Nei! Gud straffar ikkje slik. Ordet på gresk som er omsett til synd i vers 5 er Harmatia, og det ordet brukast som regel ikkje for å fortelje om ei spesifikk synd, men meir om den syndige naturen som ligg til menneska. Den generelle synda, alle feil val, alle urette og ureine tankar, alle vonde ord, alle vonde handlingar, og mykje meir som heng ved alle menneske. Også oss i vår tid.

Så kan det, litt seinare i forteljinga, sjå ut til at det var på grunn av at Jesus skulle overbevise dei skriftlærde som tvilte eller ikkje trudde, at han lækte den lamme mannen. Han seier: for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder, så viser han også krafta si, i det han befaler den lamme mannen om å røyse seg, ta båra si, og gå.

Så då mannen faktisk gjorde det, tok båra si og gjekk, beviste Jesus at Han ikkje berre fòr med tomme ord. Dersom Jesus hadde makt til å lækje ein lam mann, hadde Han også makt til å tilgi synder. For då måtte Jesus vere Gud. Og det beviste Han her.

Likevel. Vi veit at ikkje alle den tida trudde og vart overbevist om at Jesus er Gud. Og slik er det vel framleis i dag.

Vi ser at Jesus prioriterte annleis enn den lamme mannen. For Jesus var det viktigast å tilgje syndene til mannen. Det viktigaste først. Bibelen fortel at det å få tilgjeve syndene sine, gir ein rett til å få ein relasjon med Gud. Tenkt det, Gud som er universets skapar, vil ha ein relasjon med deg. No, her på jorda i livet her, og for all framtid. Evig liv i himmelen saman med Jesus.

Kva var det som gjorde at Jesus tilgav mannen syndene? Mannen trudde. Berre trudde. Det var ikkje noko han fortente. Ikkje løn for noko han hadde gjort. Det var nåde. Berre nåde. Heilt ufortent. Vers fem; Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Son, syndene dine er tilgjevne.»

Spørsmålet for oss i dag er om vi sjølve trur. Trur eg at Jesus er den Han seier Han er? Trur eg at Jesus er Gud sin son? Og kva gjer eg i tilfelle med det?

Jesus lengtar etter ein relasjon med deg.

Det kan Han ha dersom du trur på Han.

Trur du?