Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.» «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» Matteus 16, 13-16I løpet av sitt virke vart Jesus litt av ein kjendis. Han vart kjent igjen stort sett over alt der han gjekk, og folk flokka seg rundt han for å høyre kva han hadde å sei, eller berre for å sjå han, ta på han eller bli helbreda av han. Historiar om han gjekk i heile landet; ei litt større bragd på den tida enn idag, med både Facebook og andre informasjonsmedier. Han var berykta – på godt og vondt. Mange meinte at han ikkje var meir enn ein oppviglar som kom med falsk lære til folket, og som spotta Gud med det han sa. Andre igjen meinte at han var sendt frå Gud, men som ein profet, ikkje som ein guddom. Mange hadde likevel høyrt om eller sett undera og teikna han gjorde, og trudde at han var Messias, og den som jødane venta på. Det var også her problemet låg. Jesus hevda at han var Guds eigen son, at han kommuniserte kontinuerlig med Gud, og at alt han gjorde var Guds vilje. Ein kan vel tenke seg kvifor særleg dei jødiske skriftlærde og prestane reagerte negativt? Ikkje var han frå rett stad, og hadde heller ikkje gått i lære for å bli skriftlærd. Korleis kunne han påberope seg ein slik status? Han hang også med feil folk – kun syndarar og folk frå lave samfunnslag. Som om dette ikkje var provoserande nok, så utfordra han attpåtil autoriteten til dei skriftlærde, og peikte dei ut som hyklarar. Jesus representerte nemleg eit konsept som stod i radikal motsetnad til det samfunnet han levde i: frelse ved tru åleine, og for mange var dette vanskeleg å svelge, då som no. Alt i oss vil så gjerne fortjene frelse, fortjene Guds aksept – mens Jesus forkynte Guds nåde – tilgjengeleg for absolutt alle i samfunnet, og ikkje forbeholdt dei kloke, rike, flinke eller fromme. Jesu budskap om frelse ved tru åleine blir nesten eit hån mot den som har prestert bra. Dei skriftlærde som var stolte av sin eigen lovlydighet og fromhet kjente seg trua av Jesu forkynning, og ynskja å få han av veien. Dei lukkast med det, slik vi vert minna om kvar påske, og dei fekk på den måten oppfylt profetiane om Messias frå alle dei gamle jødiske skriftene. Når Jesus vart dømt for blasfemi, hengt på korset og lagt i grava, kunne det lett sjå ut som eit nederlag for alle utanforståande. Den revolusjonære, opprørske idealisten fekk ei kort karriere – og i så fall blir hans død ubetydeleg. Dersom ein ser tilbake på disiplane sitt svar på Jesu spørsmål om kven folk seier han er – og tenker at han var ein profet, eller at han var ein «bra mann», slik mange meiner idag, så var hans død riktig nok trist, men ikkje noko førstesidestoff. Viss ein derimot tenker at Jesus var Guds son – forandrar det heile biletet. Jesu død var då eit stedfortredande sonoffer – noko som betyr at det han gjorde på korset var å sone straffa for alt det vi menneska har gjort av synd, og for alt det vi ikkje får til i løpet av eit liv. I så fall blir Jesu død langt i frå noko nederlag, men tvert imot ein seier! Ein seier på mine og dine vegne. Vi får fred med Gud, på grunn av Jesu død. Etter å ha spurt disiplane om kven folk trur at han er, spør han kven dei trur han er. Kven trur DU at Jesus er? Det har mykje å sei for Gud, som lengtar etter ein relasjon med deg. Det har imidlertid alt å sei for deg. Kven du trur at Jesus er, avgjer kor du kjem til å tilbringe evigheten. Tek du imot han som ein oppviglar, ein profet, ein bra mann, eller som Gud sin eigen son? «For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst.» Romarane 10,9 Gud gir deg ei livline, og det einaste du må gjere er å gripe tak i den. Kva gjer du? «For ordet om krossen er dårskap for dei som går fortapt, men for oss som blir frelste, er det Guds kraft.» 1.Korinterbrev 1, 18 Miriam Mulelid

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *